Det vert ikkje noko arrangement på Jonsokaftan i år grunna det ekstraordinære forbodet mot bruk av eld utandørs.
Ballbingen er ferdig beisa
Takk til alle som deltok på dugnaden i går! Det gjekk over alle forventingar i den flotte kveldsola. Les meir
Stien er grusa
Oppmøtet var bra og folk koste seg på dugnaden i dag. Takk til alle som deltok! Les meir
Haustdugnad 22.10.2022
Velkomen til haustdugnad
på førstkomande laurdag, 22.10 kl. 12.00 – Oppmøte ved ballbingen.
- Bossplukking i heile feltet
- Grusing av sti
- Fjerning av busker og kratt
- Stell av området rundt ballbingen
- Demontering av basketkorger
- Vedlikehald av ballbingen
- Kosting av dekket i ballbingen
Ta gjerne med eigna reiskap.
Me kjem til å halda på utover dagen, så om du ikkje kan møta kl. 12.00 er det ingen problem å komma seinare. Det vert lett servering.
Vegen vidare
Hilland Vest Velforeining er no leia av eit midlertidig styre. Målet vårt er å legga til rette for eit nytt styre, som skal representera heile feltet, med unntak av Borettslaget Hilland Vardane (blokkene). Me vil arrangera eit årsmøte tidleg på nyåret, med forslag til nytt styre.
No i haust vil det verta arrangert eit medlemsmøte i midten av veke 44, der me kan møtast og lufta tankar om vegen vidare for velforeininga. Me vil senda ut ei ny innkalling, men alt no kan ein komma med innspel til oss på post@hillandvest.no eller kontaktskjemaet på nettsida vår, www.hillandvest.no.
Det er skrive ein ny brøyteavtale for vinteren, og det vil etter kvart verta sendt ut ein faktura. Det vil som tidlegare truleg koma på kr. 800,-. Meir informasjon om brøytinga finn ein på nettsida. Det vert inga medlemsavgift dette året.
Jonsok- / Sankthansfeiring, 2022
Det vert bålbrenning og grilling ved ballbingen, kl. 18.00 på torsdag.
Ta med grillmat, drikka, og noko å sitja på. Kanskje òg eit campingbord, om du har.
Foto: Gjert Holtan, 2016
Jonsok / Sankthansfeiring
Alle er invitert til Jonsok / Sankthansfeiring fredag 23.06.2017 kl. 1800 i ballbingen med bålbrenning, grilling og aktiviteter for store og små.
Det kjem invitasjon i postkassen til alle.
Dugnad 22.04.2017
Forslag til oppgåver:
- Plukke søppel i heile feltet
- Fjerne alt av busker og ugras i skråningen bak ballbingen
- Vedlikeholde postkassestativ
Håper mange har mulighet til å delta slik at dette blir fort unnagjort.
Ta med spade/grafse/trillebår/jernrive.
Årsmøte 2017
Styremøte 07.12.2016
Notat frå styremøtet 07. desember 2016
Til stades: Terje Isdal, Mats Ellingsen, Patrick Tvedt, Gjert Holtan og Hilde Midthaug (Jarle S. Færøy kunne ikkje delta)
Diskuterte saker:
Biler som parkerer i veien, m.m.
Kjøretøy som er parkert langs vei må flyttes til tilvist parkeringsareal da de står til hinder for brøyting og for utrykningskjøretøy. Styret minner også generelt om at areal avsatt til gjesteparkering ikke skal brukes til permanent parkering for beboere i feltet. Veier og parkering kjem på plass, men det kan fort ta fleire år.. Styret følger dette opp.
Drenering langs fjellside
Bebuarar har gått saman og utført dreneringsarbeid langs fjellsida for å få vekk overflatevatn.
Sikring av skrent
Skrent må sikrast då det går ein mykje brukt sti og skuleveg oppe på fjellskrenten.
Rekkefølgekrav felt 7-2
Før felt 7-2 kan igangsettast må utbyggar forholde seg til gjeldande rekkefølgekrav. Vi følger dette opp og får klarhet i kva krav det er snakk om.
Bossplasser
Oppfordre om å ta inn spann etter tømming.
Hastighet gjennom feltet
Det er 30 sone i heile feltet, men svært ofte blir det observert biler/personer som ikkje respekterer dette.
Dugnad
Vi må ha opp igjen gjerdet på nordsida av bingen, men ønsker å tilpasse åpningen slik at det vil være mulig å trille inn ein normal tillhengar. Postkassestativ er ikkje velforeninga ansvarlig for, men vi foreslår å oppfordre til maling og vedlikehold som oppgaver ifm. dugnadane våre.
Brøyting
Tore Gjerstad skal utføre vintervedlikeholdet også denne sesongen.
Neste styremøte
Neste styremøte blir tidlig i februar 2017